Intensjonsavtalen mellom Flora og Vågsøy kommuner er vedteken, melder Fjordenes Tidende. Dermed blir det Kinn kommune.

Vedtaket blei gjort trass i at eit fleirtal av kommunestyret ønska å utsette saka. Dei blei nemleg ikkje einige om kor lenge ein skulle utsette saka.

Høgre ønska ei snarleg løysing, medan Sp, Rødt, Krf, Frp og TVL ville utsette saka til hausten. Ingen av forslaga om utsetting fekk fleirtal, og dermed vart spørsmålet behandla i dag, skriv avisa.

– Dette er eit vedtak som vil gå inn i historiebøkene, sa ordførar Kristin Maurstad (Ap) etter møtet.

Ville ikkje vente for lenge

Høgre, som i går sende ut ei pressemelding der dei varsla at dei ønska å utsette saka, ville ikkje vente heilt til hausten.

– Vi hadde satt Florø i ein vanskeleg situasjon, og vi hadde risikert å stå att utan alternativ, seier Morten Hagen (H) til Fjordenes Tidende.

– Eit demokratisk problem

Sp sin varaordførar Nils Myklebust kallar vedtaket for den største demokratiske skandalen i Vågsøy si historie, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Vi hadde ei avtale som ikkje er god nok på nokon måte, som var til innbyggarhøyring der 55 prosent var mot, og berre 31 prosent for. Det å sjå vekk frå dette er ei skandale, seier han til NRK.

Ordførar Maurstad er på si side godt nøgd med resultatet.

– Voteringsrekkefølgja var vi samde om. No blir det storkommune på kysten, seier Maurstad til NRK.

Vågsøy og Flora skal slå seg saman til Kinn kommune. Foto: Sofie Svanes Flem /Carto