Hege Høibye (42) frå Oslo flytta nyleg inn i prestebustaden i Hornindal.

– Det var litt tilfeldig at eg kom hit. Eg søkte mange stillingar, men ei venninne av meg hadde vore her på sommarjobb og det var ho som tipsa meg, fortel Høibye.

Spennande og skummelt

Den nyutdanna presten fekk etter kvart kontakt med prosten i Nordfjord, som hadde jobba lenge for å finne folk i stillinga. Og etter å ha besøkt prestegjeldet, sat Høibye att med eit så godt inntrykk at ho valde å takke ja til jobben.

– Eg gler meg veldig, men det blir spennande og litt skummelt. Eg er sjølvsagt spent. Alt er nytt når eg har flytta langt heimanfrå, seier Høibye som valde å utdanne seg til prest etter fleire år som frilansar innan forteljekunst. I tillegg til å vere forteljar, var ho også kyrkjetenar i Gamle Aker.

Etter seks og eit halvt år med ny utdanning ville ho ha fast og full jobb. Og ho ville gjerne bytte ut byen med friskare luft og eit rolegare landliv.

Fordelar med distrikt

Høibye trur noko av årsaka til at nyutdanna prestar helst vil vere i Oslo, er at dei vil ha større miljø på arbeidsplassen.

– Og folk blir vant til å bu i by. Dei vil ikkje flytte fordi dei har alle venene sine der, men tenkjer ikkje over alle fordelane med å søkje seg til distrikt.

Frå før kjenner ho Vestlandet berre som turist, men ho har også vener frå bibelskule som er busette på Hareid. Og ho kjenner Ingrid Finsådal som er sokneprest i Austefjord og Kilsfjord, på andre sida av Kvivstunnelen. Det store hestemiljøet i Nordfjord var også eit trekkplaster for den hesteinteresserte presten. Når ho har funne plass til hestane Ronja Røverdatter og Shallan, skal også dei flytte til Hornindal. Hestane går for tida på beite ved Kongsvinger.

Slit med rekruttering

Prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, er glad for at Høibye no er klar for jobben, etter at stillinga var lyst ut for andre gong.

– Det er ikkje lett å få tak i folk. Vi slit med rekruttering. Mange vil vere i Oslo, seier Schanke Eikum.

Situasjonen i Møre bispedøme er den same:

– Vi har store utfordringar med rekruttering. Talet på søkjarar varierer frå null til fem, og ofte må vi lyse ut stillingar på nytt. I Oslo har dei gjerne oppimot 30 søkjarar å velje mellom, fortel Alice Elnes som er personalsjef i Møre bispedøme. Til stillingar på større stader som Ålesund og Volda har ein opplevd å få berre ein søkjar. Og dette var same person. Då same stillinga blei lyst ut på nytt var det derimot fire søkjarar. Dette kan ifølge Elnes ha med når på året ein lyser ut.

Møre er likevel ikkje verst stilt. I løpet av 2017 skal det tilsettast prestar i 10 til 15 ledige stillingar. På neste møte i bispedømerådet skal det tilsetjast i fem stillingar. Dette er blant anna kapellanstillinga i Ålesund og Volsdalen sokn, soknepreststillingane i Stranda og Liabygda, samt i Sykkylven.

I juni skal ytterlegare fire nye prestar tilsetjast, blant anna i sokneprestjobbar i Borgund og i Vanylven. Desse stillingane er enno ikkje lyste ut.

Mange over 60

Sunnmørsposten skreiv tidlegare i år at mange unge prestar jobbar på Søre Sunnmøre.

– Dette er eit konkret resultat av at vi siste åra har hatt studentar som sommarvikarar, seier Elnes.

Totalt for Sunnmøre er 15 av staben på 75 prestar no under 40 år. I andre enden av aldersstigen har 16 passert 60 år.

Ei viktig årsak til prestemangelen er at det blir utdanna for få prestar.

– Dette er ein tendens ein har visst om lenge. Kyrkja har ikkje klart å få fleire til å søkje teologiutdanning, seier Elnes.

Ordinasjon: Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, kjem til Hornindal kyrkje søndag, for å ordinere Hege Høibye til prest. Foto: Anne-Mari Tomasgard