- Kunnskap er vår medisin, den liberale medisinen mot populisme, mot nasjonalisme, mot framandhat og diskriminering. Dette er vårt viktigaste ærend for heile felleskapet vår.

Dette var ei  av formuleringane som hausta applaus då partileiar Trine Skei Grande sparka i gang landsmøtet til Venstre i Ålesund fredag ettermiddag.

Lærarar

Partileiaren var innom mykje, og snakka aller mest om utdanningspolitikk.

- Problemet i norsk skule er at det er for få som har lyst til å bli lærarar, sa Trine Skei Grande, og lova at Venstre skal gjere sitt til å gi mange fleire lyst til å undervise i skulen.

Ho lanserte «Lærarløftet versjon to»

- Venstre satsar på kunnskap, fordi ungane fortener ein god skule, sa Skei Grande.

Mørebankane

Etter å ha levert ei skryteliste når det gjeld miljø, lova partileiaren å stå fast på Venstre si kompromisslause line når det gjeld vern av viktige fiskefelt mot oljeaktivitet.

- Og sjølvsagt, det øvste punktet på blokka, er at vi framleis skal halde Lofoten, Vesterålen og Senja, iskanten, og alle sårbare område langs kysten, som Mørebankane utanfor her, og Arktis, fri for olje i all framtid, sa Trine Skei Grande.

Ved å nemne Mørebankane retta ho opp forgløyminga som programkomiteen har gjort i utforminga av eit forslag til resolusjon. Her er Mørebankane ikkje nemnde konkret, og det har fått fylkeslaget i Møre og Romsdal til å reagere.

Havet

Partileiaren kom med rause løfte når det gjeld å satse på «mulegheitene som havet gir».

- Dei neste 30 åra kan verdiskapinga seksdoblast, minst.Og eit av Venstre sine viktigaste ærend i neste periode er å sørge for at denne veksten skjer på ein måte som respekterer tolegrensene i naturen, og bidreg til å halde havet levande i all framtid, sa partileiaren.

Venstre sitt valflesk til gründerar og småbedrifter er mellom anna «Trinefråfraget». Dersom Venstre får gjennom ordninga vert det skattefrådrag for investeringar i eiga bedrift dei tre første åra. I tillegg lokkar Venstre med fritak for arbeidsgjevaravgift for dei fem første tilsette i nyetablerte bedrifter dei tre første åra.