Eit utanlandsk vogntog blei måndag denne veka stoppa på Kjøs kontrollplass, ved E39/riksveg 15 i Hornindal.

Køyretøyet hadde blant anna store manglar på bremsene og blei avskilta.

Fekk klar beskjed

– Han reiser nok ikkje nokon stad på ei stund, sa Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen til smp.no etter kontrollen.

Men der tok han feil.

I løpet av natt til torsdag blei bilen nemleg køyrt uregistrert til Nordfjordeid, ei strekning på cirka tre mil, utan at bremsefeila var utbetra.

– Han fekk klar beskjed om ikkje å køyre. Når han er ilagt bruksforbod på grunn av trafikkfare og han vel å køyre likevel, så er det ganske alvorleg, seier Henjesand etter det som har skjedd.

(Teksten held fram under bildet)

I tillegg til bremsefeil, hadde bilen også ein stor oljelekkasje.

– Det rann olje frå bilen. Her var det stort brannpotensial, og med så mange tunnelar som er her i distriktet, så var dette farleg, seier Henjesand.

Bilen hadde vore på Sunnmøre og levert varer, men var tom då han blei stoppa i kontroll måndag.

Meld til politiet

Statens vegvesen sine kontrollørar kom over bilen på Folven kontrollplass, på riksveg 15 i Hjelledalen i Stryn. Bilen var då lasta opp på ein annan bil, for å bli frakta ut av landet.

Dette var lovleg, men sjåføren vedgjekk at han hadde køyrt uregistrert frå Kjøs til Nordfjordeid for å få lasta opp bilen. Dette hadde dei ikkje fått til på Kjøs.

Føraren av lastebilen er meld til politiet for ikkje å følgje pålegg om at bilen ikkje kan brukast på veg. Han er også meld for å køyre med trafikkfarleg og uregistrert køyretøy.

Kan vente seg oppgjer

Bilen står no på Folven og sjåføren får ikkje forlate landet før han gjer opp for seg.

– Han har gjort eit val som gjer vegane trafikkfarlege for andre, seier Henjesand.