Arbeidsløysa justert for vanlege sesongsvingningar har no gått ned tre månader på rad.

– Mindre permitteringar og oppseiingar enn frykta, samt mange arbeidssøkjarar i tiltak, er to forhold som bidreg til den gode utviklinga dei siste månadane, seier fylkesdirektør Stein Veland i ei pressemelding.

Variasjonar i fylket

Størst var nedgangen siste månaden, og arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no den lågaste på eitt år, ifølgje pressemeldinga frå Nav.

I mars  er det 4 540 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,2 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 4,7 prosent frå same månad i fjor. 1 239 arbeidssøkjarar er i ulike arbeidsmarknadstiltak. Dette er 426 fleire enn i februar 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 779 personar i fylket.

Arbeidsløysa fell i Kristiansund, etter mange månader med over 5 prosent ledige.

– Det er noko variasjon i utviklinga mellom dei ulike kommunane, men regionane har utviklar seg i same retning. Arbeidslysa i Nordmøre og på Sunnmøre er 3,2 prosent, medan det i Romsdal er 3,1 prosent arbeidsløyse, skriv Nav i pressemeldinga.

Håpar toppen av oljekrisa er over

Med ei arbeidsløyse på 1,9 prosent har Sogn og Fjordane, saman med Oppland, lågast arbeidsløyse i landet.

– Den positive utviklinga held fram i fylket, og vi ser også tydlege teikn på at situasjonen for dei andre vestlandsfylka er i ferd med å snu. I Rogaland er det 739 færre ledige enn på same tid i fjor. Dette gjev von om at vi no har sett toppen av problema som oljekrisa har skapt på Vestlandet, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

I landet er det 81 327 heilt arbeidslause. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 9,0 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Tal ledige Prosent  Endr. tal     Endr. posent
Ålesund            783       3,0        -96       -11
Vanylven           45        2,7        -6         -12
Sande               50        3,5        -1         -2
Herøy                263       5,5        9          4
Ulstein               267       5,8        52        24
Hareid               160       5,8        16        11
Volda                117       2,5        -8         -6
Ørsta                 165       2,9        -13       -7
Ørskog              23        1,8        -12       -34
Norddal             13        1,5        -13      -50
Stranda             66        2,6        9         16
Stordal              13        2,4        -6         -32
Sykkylven          81        1,9        9          13
Skodje               66        2,7        1          2
Sula                  97        2,0        -23       -19
Giske                 92        2,2        -23       -20
Haram               196       4,1        19        11
Vestnes             106       2,9        11        12
Midsund            37        3,5        11        42
Sandøy              16        2,4        3          23
Vågsøy              108       3,5        -4         -4
Selje                 52        3,6        -8         -13
Eid                    34        1,1        -9         -21
Hornindal          8          1,2        0          0
Stryn                 71        1,8        -10       -12