Søndag 8. januar i år blei ein russisk mann funnen død ved Fiskerstrand verft i Sula. I samband med at ein mann er tiltalt for falsk forklaring i samband med saka, understrekar politiet at det ikkje er noko mistenkeleg knytt til dødsfallet.

– Dødsfallet var ei ulukke. Vi etterforska hendinga slik som politiet skal gjere, og i samband med dette var det ein mann, han som no er tiltalt, som forklarte seg urett, seier politioverbetjent Oscar Lilleås, som er etterforskingsleiar ved Ålesund politstasjon.

Avhøyrt som vitne i saka

Det er Statsadvokaten i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane som har teke ut tiltale mot den 56 år gamle russiske mannen.

Ifølgje tiltalen har mannen forklart seg urett i vitneforklaringa si i samband med politiet si etterforsking av ulukka.

Var varetektsfengsla

Mannen blei i samband med etterforskinga varetektsfengsla i 14 dagar.

– Dette blei gjort fordi det skal vere høg kvalitet på det vi held på med. Mannen erkjente at han hadde forklart seg urett og hadde ei forklaring på kvifor han hadde gjort det. Brikkene fall på plass og han blei sett fri etter nokre dagar, seier Lilleås.

Prøvde å dra tilsett inn i cella

I tillegg til falsk forklaring er mannen også tiltalt for vald mot offentleg tenestemann. Dette forholdet skal ha skjedd medan han var varetektsfengsla.

Frå cella ringde han fleire gonger til vakta. Og då ein av betjentane i fengselet kom for å snakke med han, tok han fengselsbetjenten i armen og prøvde å dra han inn i cella, ifølgje tiltalen.

Kort tid etterpå viste han fingeren til betjenten.

Rettssaka mot mannen skal opp i Sunnmøre tingrett 6. april.