Dei fleste i Venstre vil bremse oljeutvinninga, men på landsmøtet var det stor diskusjon om kor mykje. Lengst går Unge Venstre, som foreslo full stopp i utlysinga av fleire leitelisensar, og ikkje gjennomføre ei 24. konsesjonsrunde for leiteboring.

Avstemmingsdrama

Det mest radikale forslaget vart nedstemt – med knappast muleg margin, med 109 mot 108 stemmer.

Men eit forslag som likna vart vedtatt med klart fleirtal. Her er fråsegna «stoppe utlysinga av fleire leitelisensar» tatt ut. Men samstundes står det at 24. konsesjonsrunde ikkje skal gjennomførast.

Debatten viste usemje mellom delegatar frå sentrale Austlandsområdet og Unge Venstre på eine sida, og venstrefolk frå Vestlandet på den andre sida.

Nederlag for Møre og Romsdal

- Eg vil at Venstre skal vere knallhard på vern av sårbare område, men eg synest vi ikkje kan skru att kranene over natta. Så eg synest dette var eit uheldig vedtak, seier Venstre sin førstekandidat i Møre og Romsdal, Pål Farstad.

- Beklagar du vedtaket?

- Nei, det er uheldig. Eg skulle ønskje vil klarte å balansere oljepolitikken betre.