Debatten på landsmøte vart eit antiklimaks etter bølgene som har vore på førehand rundt regjeringsspørsmålet. Det er partileiaren som har skapt intern uro med sine utsegner om å få Framstegspartiet ut av regjeringa, slik at Venstre kan ta plassen.

Ro i leiren

Men då landsmøtet diskuterte spørsmålet om regjeringssamarbeid som første punkt på dagsorden laurdag var det ro i leiren.

- Eit samstemt Venstre vil ha ei borgarleig regjering, og for å få det til må vi ha borgarleig fleirtal, oppsummerte nestleiar Ola Elvestuen.

Redaksjonsnemnda sine formuleringar vart vedtatt samrøystes, og tre endringsforslag vart avvist. Dermed har landsmøtet vedtatt denne formuleringa: «Vi tror Venstre får størst gjennomslag for vår politikk i en blågrønn regjering sammen med Høyre og KrF. Venstre er nøkkelen til et borgerlig flertall og vil søke å samarbeide på borgerlig side etter valget.»

Inn med Mørefelta

Landsmøtet vedtok også å ta inn ordet «Mørefelta» i eit punkt i landsmøteresolusjonen om vern av sårbare havområde mot oljeutvinning. Dette var eit forslag frå Møre og Romsdal Venstre.