Spørsmål om studier i Ålesund og Volda? Få svar her.

Ved Høgskulen i Volda er det fleire år sidan alle studieplassane ved lærarutdanninga vart fylte opp. Det same gjeld ved dei fleste lærarutdanningane i Norge. Det er synd, meiner førsteamanuensis Kristin Sjøhelle.

– Det er eit utruleg viktig yrke, kanskje det mest spennande yrket du kan ha, seier Sjøhelle.

Lærarbygda

Ho underviser norsk for studentar som er i gang med tredje året. Klasserommet er i Henrik Kaarstad-huset. Her har dei utdanna lærarar sidan 1800-talet. Ei ei dei som har vel eitt år att på «lærarfabrikken i Volda» er Solveig Eide frå Ørskog.

– Kvifor vil du bli lærar?

– Eg hadde det fint på skulen, og hadde gode lærarar. No har eg lyst til å jobbe med ungdom, og trur eg kjem til å oppleve mykje spennande i kvardagen, seier Solveig Eide.

Undervisning Førsteamanuensis Kristin Sjøhelle meiner læraryrket er det mest spennande ein ungdom kan velje.

Eldste mest populært

Ho tar sikte på å undervise på det eldste trinnet i grunnskulen, frå femte til tiande klasse.

Dette er betydeleg meir populært enn det yngste trinnet.

Det er her det er mange ledige studieplassar.

– Kvifor er det lite populært å undervise dei yngste?

– Du kommuniserer på ein annan måte med elevane på det eldste trinnet, seier Lisa Tennøy frå Vestnes.

– På det eldste trinnet handlar det meir om fag og mindre om pedagogikk, seier førsteamanuensis Kristin Sjøhelle.

Blir femårig

Den fireårige bachelorutdanninga er snart historie. Frå komande studieår vert lærarutdanninga femårig.

– Då vert det nesten like lenge som ei doktorutdanning. Så eg tvilar på at det vert fleire studentar av det, seier Axel Ryde Nord.

Eidaren høyrer til mindretalet på to menn i norskklassen.

– Vi treng fleire mannlege norsklærarar. Det er viktig med mannlege lese-forbilde, seier han.

– Synest du at læraryrket har låg status?

– Nei, det synest eg ikkje, sjølv om statusen ikkje er den same som for 100 år sidan. Det er ein utruleg spennande jobb, der ingen dagar er like.

– Kva med løna?

– Den veit eg ikkje så mykje om. Innhaldet i yrket betyr meir.

Snart går søknadsfristen for studier ut. Møt fire som har bestemt seg - og en som er litt i tvil

Lærarmangel?

Lærarmangel kan bli eit nasjonalt problem. Utdanningsdepartementet reknar med at det trengst 35.400 nye lærarar dei neste ti åra. For å lokke fleire til yrket vert det innført ei ordning med ettergjeving av studielån. Dei som fullfører femårig grunnskuleutdanning for trinn 1–7 på normert tid får ettergitt om lag 105.000 kroner. Den som tar seg jobb i Nord-Norge får ettergitt om lag 55.000 kroner til.

– Det er så pass store summar at det kan utgjere ein skilnad, seier rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda.

– Samstundes blir utdanninga lenger?

– Femårig høgre utdanning er i ferd med å bli det normale. Ungdom gjer lurt i å planlegge ei masterutdanning for å stå sterkare i jobb-konkurransen.

– Kvifor bør unge bli lærar?

– Løna er ganske god, i mange kommunar er lærarar mellom dei best betalte. Og du kan få jobb over heile landet. Men det viktigaste er at innhaldet i yrket er spennande. Du er med å forme livet til barn og unge, seier Johann Roppen.