Sjåføren måtte også betale førelegg på 10.000 kroner, opplyser lensmann Lasse Trosdahl i Stryn og Hornindal til avisa Fjordingen.

Statens vegvesen stoppa bilen i Kjøs i Hornindal sist veke. Øydelagde bremser og stor oljelekkasje gjorde at bilen blei avskilta.

Bilen blei lasta opp på ein annan bil for å bli frakta ut av landet, men stoppa i ny kontroll nokre dagar seinare. Sjåføren vedgjekk då at han hadde køyrt ulovleg frå Kjøs til Eid.