Personane i bilen på Ørskogfjell verker å vere uskadd, ifølgje politiet, som er på veg til staden. Det melder politiet på Sunnmøre på Twitter.

Ein halvtime seinare melder politiet at det var tre personer i bilen. Dei blei send til legevakt for sjekk. Det skal ikkje ha vore trafikale problem på staden.

Seinare melder politiet at bilførar, ein mann i 30-åra, mistar førarkortet etter trafikkuhellet.

Se vegmeldinger for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)

Se vegmeldinger for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Velta ved skitrekket på Strandafjellet

Det var også to trafikkuhell på Strandafjellet onsdag morgon.

Trafikkuhell på Strandafjellet onsdag morgon.

Ein bil velta i på flata vest for skitrekket. I Hevsdalen ned mot Stranda låg ein personbil i grøfta. Ingen skal ha blitt fysisk skadd, ifølgje

Sunnmøringen

.

Politiet på Sunnmøre har ikkje fått melding om dei to uhella i Stranda, og ein må difor rekne med at det ikkje ha vore personskade, skriv sunnmoringen.no.

Glatte vegar

Det er svært glatt i spora etter at det har sludda ein del i morgontimane på fjellovergangar. På Strynefjellet var det onsdag morgon kolonnekøyring.

Operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Politiet på Sunnmøre fortel til Sunnmøringen at ein ikkje har fått inn meldingar på vegane om hendingar på grunn av været.

Ønsker du deg bedre vær? Her må du dra for å få sol i påsken