Den tidlegare Voldaordføraren representerte støttepartiet Kristeleg Folkeparti då Nasjonal Transportplan for Møre og Romsdal vart presentert. Han kunne gle seg over at Voldatunnelen no er inne i NTP for planperioden 2024-2029.

– Tunnelen er fullfinansiert, og det bør vere muleg med byggjestart i 2022/2023, seier Iversen.

Utanom sentrum

Trafikken på E-39 vert ført utanom Volda sentrum, gjennom ein tunnel under Melshornet, frå Furene til sjukehusområdet.

– På denne måten binder vi saman dei andre store vegprosjekta i regionen, det vil seie Kvivsvegen, Eiksundsambandet og Hjartåbergtunnelen, seier Iversen.

Bompengering

Det betyr også at det vert bompengering i Ørsta/Volda.

– Vi aksepterte bompengar og det har gitt resultat. Vi kan gjerne vere imot bompengar, men då blir det lite veg, seier Arild Iversen.

Også ørstingane har godtatt bompengar, men med føresetnad om at det vert Ørstafjordkryssing. Og det står det ingenting om i NTP 2018-2029

Presentasjon av NTP i Molde. Frå venstre: Helge Orten( H), Frank Sve ( Frp), Ola Betten (V) og Arild Iversen (KrF) Foto: Svein Aam