200 millionar kroner til ny innfartsveg i Ålesund og 130 millionar kroner til krabbefelt på Ørskogfjellet. Det er dei statlege vegløyvingane til Sunnmøre i komande seksårsperiode i Nasjonal Transportplan (NTP). Men det var likevel hallelujastemning då NTP vart presentert i Molde.

– Tidenes satsing i Møre og Romsdal, meinte fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Sve.

NHO-skryt

Det var ikkje berre politikarane som skrytte.

– Vi har fått inn mesteparten av det vi har jobba for, seier regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal.

Ho legg vekt på formuleringane i transportplanen, ikkje på løyvingane. For i den andre planperioden frå 2024-2029 skal det satsast tungt.

– Møreaksen ligg inne. Dessutan er vi godt nøgde med at Hafast er omtalt. Det betyr at det vert langt lettare å jobbe for å få utløyst pengar i statsbudsjettet, seier Ytreberg.

Bompengar

Det vert også gitt grønt lys for bompengepakkar rundt Ålesund, Molde og Ørsta/Volda. Ifølge Statens vegvesen ligg det til rette for byggjestart på E 136 mellom Breivika og Lerstad i 2020/2021. Det er også lagt i ein milliard statlege kroner i planperioden 2024–2029 til ny Blindheimstunnel, og strekninga Vegsund- Breivika.

– Dermed er bypakken i Ålesund er fullfinansiert i andre planperiode, seier stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Ålesundpakken

I alt skal det brukast 4,76 milliardar på bypakken i Ålesund.

3,2 milliardar skal betalast av bilistane i form av bompengar. Bompengar blir det også mellom Ørsta og Volda om ikkje så mange år. Voldatunnelen, som skal føre E39 utanom Volda sentrum, er fullfinansiert i andre planperiode, med 600 millionar frå staten og 300 mill. i bompengar.

– Når ein først må bite i det sure eplet og godta bompengar, er det viktig å framheve at det vert sett i gang byggjeprosjekt som utløyser store lokale ringverknader, seier bompengemotstandar Frank Sve.

Sve nøgd

Han meiner transportplanen betyr fullt gjennomslag for ønskja frå eit samla fylkesting.

– Det er brei semje om prioriteringane i Møre og Romsdal. Dermed kan vi vere 100 prosent sikre på at dei vert gjennomførte, seier Frank Sve.

Også regiondirektør Torill Ytreberg i NHO Møre og Romsdal er nøgd med Nasjonal Transportplan. Foto: Svein Aam