Sunnmøringar er delaktige når fartøyet skal bli hospitalskip i Papua Ny-Guinea i Stillehavet. Leif Steinar Alnes, fiskebåtreiar på Godøya, var med då båten nyleg vart kjøpt.

Og sjølv om skipet aldri har vore på norske hender, fann han mange sunnmørske namn på skipet.

Tenfjord, Sperre og Ulstein

– Det var så rart å kome om bord. Vinsjane er frå Brattvaag. Det er Tenfjord styremaskin. Kompressorane står det Sperre på. Og propellane er frå Ulstein, fortel ein engasjert og litt rørt Alnes til Sunnmørsposten.

Det 65 meter lange offshoreskipet, «l’Astrolabe», er fransk og har vore forsyningsskip for den franske Antarktis-basen. Kjøparen er den internasjonale organisasjonen Ungdom i Oppdrag.

– Eg fortalde at Brattvåg er ein landsby, og Tennfjord er ikkje det ein gong. Ein av franskmennene om bord vart så interessert at han kom etter meg opp på kaia. Han spurde kor mykje folk som bur her. Rundt 100.000, sa eg. Det kunne han ikkje forstå, fortel Leif Steinar Alnes.

Han legg til at dei betalte 100.000 dollar for skipet.

Tannlege og augelege

Om få veker mønstrar det nye mannskapet på:

– Det er tannlege, augelege og vanlege legar som skal hjelpe folk på Papua Ny-Guinea, fortel Alnes og legg til at myndigheitene i landet ønskjer hospitalskipet velkomen.

Det er plass til eit mannskap på 62. Nytt namn på fartøyet er «M/V YWAM Liberty».

Om bord skal skipskonteinarar innreiast som klinikk.

Youth With A Mission har frå før to hospitalskip i Papua Ny-Guinea. Sonen hans, Jan Oskar Alnes, er kaptein på eit av dei andre. Dette er første offshoreskipet som organisasjonen kjøper.

– Med helikopterdekk kan vi utvide rekkevidda for hospitalskipet veldig, seier Alnes.

– Overdekket er overbygd. Det er der pasientane skal få behandling, fortel Alnes, som sjølv er medeigar i fiskebåten «Nesbakk» på Godøya.

Mannskap frå Sunnmøre

Han legg på ingen måte skjul på at dei no er på jakt etter mannskap til det nye skipet.

– Det er fleire frå Sunnmøre som vurderer å bli med, ifølgje Alnes.

– Og Ålesund blir no vurdert som norsk base for bemanning av hospitalskipa til Ungdom i Oppdrag, seier Leif Steinar Alnes.

Om bord i den 30 år gamle isbrytaren oppdaga dei Tenfjord styremaskiner, propellar frå Ulstein, kompressorar frå Sperre og vinsjar frå Brattvaag. Foto: Youth with a Mission
Med helikopterdekk er det mogleg å utvide rekkevidda for hospitalskipet mykje, fortel Leif Steinar Alnes. Foto: Youth with a Mission