Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding onsdag.

Beslaga er gjort i samband med to ransakingar i mars, ein gong i bil på Austlandet og ein gong i Volda sentrum.

– Politiet meiner at det beslaglagde stoffet var tenkt distribuert på Søre Sunnmøre, heiter det i pressemeldinga.

Lensmann Guttorm Hagen i Volda og Ørsta seier dei har jobba aktivt mot nokre miljø i Volda-området og at beslaga er eit resultat av dette.

Politiet vil elles ikkje gi opplysningar i saka og viser til at den er under etterforsking.

Politiet beslagla over to kilo amfetamin.