– Dette er den største fisken vi har levert. Før vi bygde dette anlegget, var vanleg storleik på smolt 100 gram og produksjonstida i sjø 15–18 månader. Med denne store smolten kan vi redusere tida i sjøen med tre-fire månader og dermed eksponeringa for lus og andre laksesjukdomar, seier Dharma Rajeswaran, driftsleiar ved Marine Harvest avdeling Steinsvik.

Norske myndigheiter har store forventningar til oppdrettsnæringa, og ser føre seg ei femdobling fram mot 2050. Lus og andre sjukdomar er problem som må ryddast av vegen for å kome dit. Det ein ser i Steinsvik er ein del av den utviklinga.

Oppdrag utført

Bryggja-mannen Rajeswaran er i ferd med å flytte til ny laksejobb i USA, og overlèt driftsleiaransvaret til Frode Sætre frå Barstadvika. Rajeswaran kan seie at oppdraget er utført med den siste leveransen av stor-smolt. Han har hatt den daglege leiinga gjennom byggjeperioden og til no når anlegget er oppe og går for fullt.

Det var formell opning i august 2016 av anlegget til 235 millionar kroner som på det tidspunktet vart omtalt som verdas største landbaserte resirkuleringsanlegg for lakseyngel. No er andre og endå større anlegg komne til etter oppskrift frå innovasjonsanlegget i Volda kommune.

– Robust fisk

Nyesjefen Frode Sætre meiner dei har lukkast.

– Tilbakemeldingane er gode på leveransane denne veka. Vi har knapt sett død fisk. Alt tyder på at dette er sterk, robust smolt, seier Sætre.

Han kjem frå jobb som driftsleiar ved Marine Harvest-anlegget på Ytre Standal, i første omgang i eit vikariat for 2017.

Fisken som vart levert då vi var på besøk, skulle til lokaliteten Rogne ved Flemsøya utanfor Fjørtoft. Også Bjørlykkestranda i Vanylven får av den historisk store smolten. Samla blir det levert 1,2 millionar fisk på seks dagar frå Steinsvik. Brønnbåtar frå Herøy-firmaet Rostein AS pumpar smolt ut av anlegget, om bord i båten, og fraktar til lokalitet.

Laksen som vart levert sist veke, har stått i anlegget sidan januar 2016.

Fisken kjem som rogn frå Trøndelag og blir klekt ut i Steinsvik. Marine Harvest har sin eigen stamme av Atlantisk laks, kalla Mowi. Laksen går gjennom ulike vekstfasar i ulike delar av bygget. Han blir pumpa gjennom eit finurleg slangesystem som mellom anna går under vegen.

Står i saltvatn mot slutten

Stort sett står fisken i ferskvatn heile perioden, men dei siste fem vekene blir han meir og meir eksponert for saltvatn som blir henta inn frå fjorden utanfor og UV-reinsa.

Ifølgje Sætre er det teoretisk mogleg å produsere endå større laks på land.

– Det blir eit spørsmål om plass. Til større fisk til større kar treng vi. Dei største kara her er 750 kubikkmeter og vi resirkulerer 250 kubikkmeter vatn i minuttet.

270 gram: Smoltanlegget i Steinsvik i Volda vart etablert med formålet at laksen skal vekse lenger på land for såleis å redusere eksponeringa mot lus og andre laksesjukdomar. Det var ein milepæl då dei kunne levere denne rekordstore smolten. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Om vel eitt år er desse fiskane nærmare 300 gram og klare for levering til oppdrettsanlegg. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Dharma Rajeswaran (t.v.) overlèt no driftsansvaret ved Marine Harvest i Steinsvik til Frode Sætre. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Desse fiskane som Ann Kristin Øverberg Haugen viser fram er dei minste i anlegget, dei vart klekt for to veker sidan. Foto: Jørn-Arne Tomasgard