Marianne Heske kritisk før Tafjord Krafts 100-års jubileum

– Folk i bygda treng ein møteplass som er tilgjengeleg året rundt, og ikkje berre om sommaren. Tafjord har bidratt med store verdiar til både kraftselskap og kommune gjennom alle desse åra, men no er det bygdas tur å få ei energiinnsprøyting. Ein person som er deprimert får jo hjelp, og no er det Tafjord som har resignert. Det er ingenting igjen i bygda. Til og med skulen ligg ute for sal, seier Heske.

Bileta ho tidlegare har gitt bygda og som heng i skulebygget vil måtte flyttast, moglegvis til ungdomshuset like ved, har Heske fått høyre, men då i samråd med kunstnaren, understrekar Hilde Dyrkorn i Norddal kommune.

– Det vil ikkje vere aktuelt å flytte kunsten utan at kunstnaren er med på å bestemme ny plassering, seier Dyrkorn.

Få Tafjord på kartet

For Heske er heimbygda særs viktig, også i kunsten. Hennar lydinstallasjon «Icebreaker» er til dømes inspirert av den gamle Tafjordferga «MF Geiranger» og skal presenterast på eit kinesisk kunstmuseum no i påska.

I barndommen pendla ho mellom Ålesund og Tafjord der faren var direktør.

– Tafjord har potensial til å trekke langt fleire turistar og tilreisande enn i dag, som igjen kan skape nye arbeidsplassar. Kommunen har ikkje gjort nok for å få sett Tafjord skikkeleg på kartet. Det kan virke som om dei er mest opptekne av jordbær der.

Jubileumsgåve

– Eg meiner at både kommunen og Tafjord Kraft må bidra meir for å revitalisere ei flott lita bygd som har gitt 100 prosent og store verdiar i alle år. No trengst det meir enn ein fest. Kan dei ikkje behalde skulen og bruke bygget til servering og hotell, eller andre ting som kjem bygdefolk og turistar til gode, foreslår Heske.

– Det er klart at konsernet skal gi noko tilbake til bygda, men jubileumsgåva er foreløpig hemmeleg, fortel Kari Løken, kommunikasjonssjef i Tafjord Kraft AS.

Gåva vert offentleggjort først på seinsommaren. Det skal vere eit bidrag som både fastbuande og tilreisande skal kunne glede seg over.

– Konsernet er inne i ein fase med kostnadskutt og effektivisering. Vi brukar ikkje mykje pengar på jubileet, men det skal merkast at vi set pris på bygda. Tafjord Kraft er elles med på å drifte Kraft- og skredsenteret i Tafjord saman med kommunen.

– Bygda er viktig for oss, og vi har tilsette som bur der. I konsernet er vi opptekne av å bidra til aktivitet i Tafjord som gir trivsel og vekst, seier Løken.

Verdsarven

Verdsarven Norddal-ordførar Arne Sandnes med utsikt innover i verdsarvfjorden Tafjorden.

Ordførar Arne Sandnes er samd med Heske i at Tafjord treng eit løft. Han meiner kommunen er i siget allereie:

– Vi har tatt initiativ til eit folkemøte i Tafjord for at vi saman med bygdefolket kan diskutere vegen vidare. Her trengst det også initiativ og entusiasme frå bygda si side, vi vil ikkje prakke på folk tiltak dei ikkje vil ha, seier Sandnes.

– Tafjord er prega av fråflytting, men bygda har andre verdiar som må meir fram i lyset. Som at Tafjorden er ein verdsarvfjord som Geirangerfjorden. Vi har ikkje vore like flinke som Stranda kommune til å bruke verdsarvstempelet for alt det er verdt, seier Sandnes.

Flaggermus og botanikk

Tafjord har enda meir, som ein spennande bergverkshistorie frå tida før den meir kjende rasulykka i 1934.

– Tafjord har også uvanleg mykje flaggermus, rekordvarme og sjeldne planter, i tillegg til Kraft- og skredsenter og fjella rundt. Det handlar i stor grad om å gjere slik Marianne Heske gjer som internasjonal anerkjent kunstnar; å sette Tafjord på kartet. Ho er sjølv ein merkevare og ho formidlar heimbygda si på ein framifrå måte, gjennom kunsten. Det er positivt at ho er så oppteken av Tafjord, seier Sandnes.