I påska i fjor var det minst ni tilfelle av innbrot på Sunnmøre i påska. For om våren er det enkelte kriminelle miljø som skrur opp aktiviteten.

– Sporsnøen er borte, folk reiser bort, og nokre blir att heime. Då ønskjer vi hjelp frå nabolaget om dei ser noko, seier Eli Anne Tvergrov, kommunikasjonsrådgjevar hos politiet i Møre og Romsdal.

Politiet i Møre og Romsdal køyrer no ein kampanje med sikkerheitsråd, både for dei som er heime i påska og dei som drar på påsketur.

– Det er lett å tenke at det sikkert ikkje var noko, eller at nokon andre seier frå, held Tvergrov fram.

Ver ein god nabo

– Om du vert heime i påska? Hald eit auge med nabohus og nabolag! er første råd frå politiet.

– Det er ikkje flaut å ringe til oss. Det er betre å seie ifrå enn å la vere. Det er så mykje kjekkare å kome før enn etterpå, understrekar Tvergrov overfor smp.no. Tipsnummeret til politiet er 02800.

Post, lys, søppel

Dei som skal ut på påsketur blir oppfordra av politiet til å alliere seg med ein eller fleire naboar som er heime:

• Be nokon om å ta inn post og søppeldunk om du reiser. Avbestill faste leveransar.

• Be naboen melde frå til politiet om mistenkeleg aktivitet. Sei at dei skal notere seg framande bilar og personar i nabolaget som ikkje passar inn i dagleg mønster eller av naturlege påskegjestar.

• La nokre lys stå på i huset om det vert mørkt før du kjem heim. Bruk tidsur (timar).

• Rydd vekk stigen og anna verktøy som ligg ute.

• Ikkje la reservenøklar ligge "gøymt" på innlysande gøymestader som i blomsterpotte eller postkasse – ein tjuv kan alt om slike.

• Vurdere installasjon av innbrotsalarm eller opprette avtale med vaktselskap

• Ikkje publisere på sosiale media at du reiser vekk i påska.

I tillegg blir folk oppfordra til å registrere serienummer på verdigjenstandar som har dette. Ting som du er ekstra redd for bør merkast og fotograferast.

Ikkje plikt til å opne døra

For dei som er heime, har politiet ei ekstra oppfordring.

– Om nokon ringer på, har du ikkje plikt til å opne. Sjekk om det er nokon du kjenner og som du ventar besøk av, skriv politiet i Møre og Romsdal i pressemeldinga – og legg til:

– Ikkje vert flau om det viser seg at det ikkje var grunn til mistanke.