Kan bli stengde dører på Hellesylt-galleri

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt slit økonomisk, og styret innstiller på oppbod.

Uviss framtid Peer Gynt-galleriet som held til i dette bygget på Hellesylt går uviss framtid i møte. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Peer Gynt Galleriet AS på Hellesylt manglar kapital til drift i 2017. Det skriv Hellesylt.info.

Økonomien har vore vanskeleg siste åra, og før årets sesong er det jobba med løysingar for å sikre drifta. Hittil utan å lukkast.

Har jobba med løysingar

Styret innstiller no på at selskapet må melde oppbod.

– Om det ikkje skulle kome opp løysingar i dagane fram til generalforsamlinga, har styret ikkje anna val enn å melde oppbod. Peer Gynt Galleriet vil difor bli stengt i 2017, seier styreleiar Dag Stadheim til Hellesylt.info.

Styret hadde på gang opplegg for å sikre drift i åra framover, eit opplegg som skulle setje Hellesylt på kartet. Og Starheim er skuffa over at dette opplegget rauk.

Eig fem relieff

Ekstraordinær generalforsamling blir 24. april.

Dei einaste aktiva i selskapet er fem Peer Gynt-relieff. Om desse blir selde, er det ingen ting igjen av galleriet, ifølgje den lokale nettstaden.

Det er kunstnaren og treskjeraren Oddvin Parr som har laga relieffa. Kunstsenteret opna i 2002.


Må selje Peer Gynt-kunst

Dette galleriet kan no bli ditt.



Stor på Peer Gynt

Dennis Storhøis har gjeve nytt liv til Oddvin Parr sine utskjeringar i Peer Gynt Galleriet.



Til kamp for kunsten

Peer Gynt Galleriet på Hellesylt er i ferd med å forsvinne til Langevåg. Lokale krefter håpar dei kan stoppe flytteplanane.



Hægstad Gård AS er konkurs

Hægstad Gård AS på Hellesylt skulle bli ein turistmagnet på indre Sunnmøre. Men publikum har svikta, og i går var konkursen eit faktum.