Politiet prøvde å stoppe motorsykkelen på riksveg 15 i Vågsøy ein kveld i juni for snart to år sidan. Men motorsykkelen køyrde vidare, trass i at politiet brukte både blålys og sirene.

Fem minutt etterpå kom han tilbake, også då i stor fart og utan å stoppe.

Nektar for å ha køyrt

Gjennom etterforsking spora politiet opp ein mann som no er dømd for den ulovlege køyringa. I Fjordane tingrett nekta mannen både for at det var hans sykkel og at det var han som hadde køyrt.

Retten på si side meiner det er bevist at det var han som køyrde og har dømt han til 28 dagar fengsel. Han mister førarkortet i 35 månader og må betale 8.000 kroner i sakskostnader.

Mannen er dømd for å ha køyrt i 171 kilometer i timen, utan skilt og forsikring, samt for at han ikkje stoppa for politiet.

Farlege situasjonar

Fjordane tingrett meiner køyringa førte til mange farlege situasjonar som potensielt kunne fått svært alvorleg utfall.

Retten meiner å sjå eit mønster som viser at den tiltalte manglar grunnleggande respekt for trafikkreglane.