Påska kom seint i år, men det er ingen grunn til å legge bort skia heilt enno. Fleire skisenter held ope for fullt heile påska – og oppe i fjellet har det mange stadar kome 10 centimeter med nysnø det siste døgnet, viser kartet på senorge.no torsdag ettermiddag.

Se oversikt over hele landet: Her står du billigast på ski (ABO)

– Ikkje akkurat ein vêrvinnar

Men påskesola kan ein i alle fall til helga sjå langt etter, skal vi tru meldinga.

– Det blir nokre grå dagar og nedbør eit godt stykke framover. Møre og Romsdal er jo ikkje akkurat vêrvinnaren til påska, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Fredag og laurdag melder han periodar med regn, yr, mild luft og ein god del vind på kysten av Sunnmøre.

Nysnø Kart over nysnø det siste døgnet. Områda i turkis har fått cirka 10 cm. Foto: Senorge.no

Det blir stigande temperaturar, så mykje av nedbøren som det siste døgnet har kome som snø, vil til helga kome som regn. Torsdag har snøgrensa vore nede i 300–400 meter, men til helga må ein nok nesten til 1000 meter over havet for at det blir snø.

– Det blir også ganske stor forskjell i temperaturen nord og sør i fylket. I Ålesund er det venta rundt åtte grader dei neste dagane, medan det blir kaldare på Nordmøre, seier Livik.

Heller ikkje på Bjorli er ein sikra mot at nedbør kjem som snø, ifølgje meteorologen.

Solglimt?

Søndag kveld og måndag passerer ein kald front med snøbyer igjen.

– Tysdag seier prognosen at det blir mindre bygevêr og skiftande skydekke, så då kan ein få meir glimt av sol.

Prognosane utover påskeuka er det knytt stor uvisse til, men

Her kan du stå i trekket:

Bjorli: Ope alle dagar til sesongavslutning 23. april. Torsdag melder skisenteret om nysnø og at stolheisen, T-trekket, lykkeheisa og barneheisa er ope. Heis 3 er stengd, og fjellheisa er torsdag stengd på grunn av dårleg sikt.

Stranda: Ope dagleg fram til 23. april. Planlegg å ha alle trekk opne i påska, og melder om nysnø, men litt vått heilt i botnen. Toppturhelg og påskeprogram.

Fjellsetra: Sunnmørsalpane Skiarena held t-trekket, familietrekket, barnetrekket og parken ope heile påska.

Stordal: – Så fekk me påfyll til påska, melde Arena Overøye Alpinsenter på Facebook onsdag. Ope kvar dag heile påska. Familietrekket er førebels stengd grunna tekniske problem, men alle andre trekk går.

Stryn vinterski: Ope kvar dag heile påska. Barnetrekket, Gamleheisen og Steindalsheisen går som normalt.

Harpefossen: – Vi satsar på at kunstsnøen vi har nede på Harpefossen vil vare til over påske, og at vi kan få påfyll av snø oppe i fjellet, melder Harpefossen på Facebook. Skisenteret skal ha heisene opne kvar dag i påska.

Hornindal: Førebels stengd, men har fått nysnø og planlegg opning til påska. – Vi må sjå an vêret, men det ser bra ut, melder driftsleiar torsdag.

Volda: Stengd i påvente av meir snø, var siste beskjed på heimesida.

Ørsta: Førebels stengd. – Vi kjem til å gjere eit forsøk å opne i Nottane etterkvart. Vi harstolheis som frakter opp i 700moh. Usikker på palmehelga, skriv skisenteret til Smp.no.

Ørskogfjellet: Stengd inntil vidare, status oppdaterast når det er noko å melde, skriv skisenteret på Facebook.