Søndag 8. januar i år blei ein russisk mann funnen død ved Fiskerstrand verft i Sula. Samband med dødsfalet, som var ei ulykke, blei ein mann tiltalt for falsk forklaring.

Det var Statsadvokaten i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane som tok ut tiltale mot den 56 år gamle russiske mannen.

Til retten forklarte mannen at han var arbeidsleiar for russarane ved verftet. Etter ulykka fortalte han politiet at han ikkje hadde vore i kontakt med den avdøde rett før ulykka. Overvakingsvideo viste at dette ikkje stemte.

Mannen forklarte i den første forklaringa med at han var under eit stort press frå arbeidsgjevar og frykta at han skulle bli mistenkt for å ha noko å gjere med kollegaen sin død.

Han blei varetekstsfengsla i to veker. I fengselet knuste han inventaret i ei fengselscelle og tok tak i ein fengselsbetjent da denne kom inn på cella.

Han blei difor dømt til 40 dagar i fengsel, der 26 dagar blir utsett med ei prøvetid på to år. Resten er sett som ferdigsona i varetekt.