Det fortel Martine Alnes om kvalane ho såg ved Dyb på Godøya, fredag kveld.

- Vi talde tre-fire stykk, og vi meiner bestemt det er spekkhoggar, seier ho. Sjølv bur ho på Giske, men var på besøk med ei venninne på øya då kvalane dukka opp.

- Kva er det som gjer at de er sikre på at det dreier seg om spekkhoggar?

- Dei var lengre opp i vatnet enn det du ser på bildet. Men då rakk eg ikkje fotografere, forklarar ho.

Alnes fortel at det å sjå spekkhoggar nett der har blitt eit vårteikn for dei.

- For det er ikkje første gong, dette. Vi har sett spekkhoggar der mange gongar før - men kun vår og haust, seier ho.

Har du sett kval siste dagane? Har du bilde? Vi vil gjerne høyre om det!