Fire mindreårige gutar er mistenkt for å stå bak eit innbrot i Nordfjordhallen i Måløy, melder Vest politidistrikt søndag kveld.

- Ei dør og ein safe vart brote opp, men pengane som vart stolne er kome til rette, heiter det.

Ifølgje politiet vart innbrotet meld ved 19-tida, søndag.

Saka blir følgt opp vidare.