Det skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, og varslar at fylkeskommunen kjem med motsegn til reguleringsplanen for Tafjord friluftsbad, småbåthamn og camping.

– Delar av arealet er eigd av kommunen, medan Tafjord Kraft dels eig tomta der sjølve friluftsbadet er etablert. Badet er ein konsekvens av vilkår i kraftkonsesjonen for Tafjordanlegga, skriv Guttelvik.

MOTSEGN Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Han legg til at kvaliteten som friområde er uomtvisteleg, og det har gjennom lang tid hatt denne funksjonen. Dette gjeld ikkje berre sjølve bassengområdet, men heile strandsona.

– Ut frå omsynet til ålmenta sine friluftsinteresser, og barn og unge sine interesser i plansaker, har vi motsegn mot planframlegget, oppsummerer fylkesrådmannen.