Motorsykkelen køyrde så fort at politiet ikkje fekk stoppa vedkomande, men etterforskinga førte snart til at ein mann busett på Stranda blei sikta for å ha køyrt i 170 km/t.

Mannen nekta for at det var han som hadde køyrt, men etter å ha vurdert det samla bevisbildet er Fjordane tingrett overtydd om at det var tiltalte som køyrde sin eigen eller ein annan motorsykkel, i denne farten.

Snittfart på 170 km/t

Tingretten har funne mannen skuldig i å ha køyrt med ein gjennomsnittsfart på minst 170 km/t på ein god og om lag sju kilometer lang tunnelstrekning, der høgste tillatne fart er 80 km/t.

I retten forklarte politiet at dei ikkje hadde klart å nå att motorsykkelen, trass i at dei køyrde i 200 km/t gjennom tunnelen.

Retten legg til grunn at vegforholda i tunnelen er gode, men skadepotensialet er særleg alvorleg dersom det skulle skje noko inne i ein tunnel.

Betydeleg risiko for ulykker

Å føre motorsykkel i så høg fart inneber betydeleg risiko for ulykker med alvorleg utfall, også om det skulle oppstå teknisk svikt med køyretyet.

Etter forklaringa frå ein politibetjent har mannen også teke fleire forbikøyringar inne i tunnelen, med dei særlege risikomomenta som knyter seg til det, heiter det i dommen.

Dømd til fengsel

Påtalemakta har foreslått ei fengselsstraff på 30 dagar. Etter rettspraksis er dette i alle fall ikkje for strengt, meiner dommarane, og har dømt mannen til fengsel i 30 dagar.

Mannen har i alle politiavhøyr og i rettsaka heile tida nekta for at han har køyrt denne motorsykkelen. Men retten har merka seg at tiltalte ikkje har gitt noko etterprøvbar forklaring på kva han føretok seg denne dagen og som eventuelt kunne reise tvil om skuldspørsmålet.

– Det er sjølvsagt opp til den tiltalte sjølv om han vil gi ei slik forklaring, men retten er overtydd om at han ville bidratt til opplysning av saka dersom han hadde hatt opplysningar som kunne bidra til frifinning. Forklaringa hans om at han ikkje hugsar kva han føretok seg denne dagen står ikkje til truande, heiter det i dommen.

Mannen, som har vore yrkessjåfør, er også frådømd førarkortet i 30 månader.