Statens vegvesen melder at fylkesveg 60 blir heilt stengd i Loen frå klokka 18.00 tysdag 11. april. Vegen opnar ikkje før klokka 06 neste morgon, onsdag 12. april.

Det skal byggjast gangbru i samband med gondolbana Hoven-Loen. Vegen vert stengt under støyping og herding av betongen.

Det er ikkje alternativ veg rundt anleggsområdet. Heller ikkje naudetatar kjem forbi, men dei er varsla spesielt om stenginga.

– Vi ber trafikantane om å planlegge ut frå stenginga, og vi orsakar ulempene det vil medføre, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Alternativ veg for dei som køyrer nord - sør på strekninga, er å køyre E39 via Lote - Anda.