Besøksgarden på Hakallestranda har vore dreve av Aina Moldskred Krakset og mannen Olav Krakset i ni år. Den blir stadig meir populær.

- Skjærtorsdag og langfredag er to dagar det brukar å kome mykje folk på, og så har vi endelig fått fint vær, smiler Aina.

Skjærtorsdag hadde garden besøk av heile 700. Ei av dei som hadde tatt turen var Hege Rydland med familie.

- Vi bor i Bergen og ferierar i Kjølsdalen og tek ofte turen til Hakallegarden for å kose oss og ha noko kjekt å halde på med, fortalde ho til Sunnmørsposten.

Får massiv støtte etter melding til Mattilsynet

I februar la Aina ut eit biliete på Facebook som skapte mykje oppmerksomheit. Det enda med at garden vart meld til Mattilsynet etter ei anonym melding.

I etterkant av denne hendinga har besøksgarden fått massiv støtte.

Sjå videoreportasje øverst i saken!