Det var rundt klokka 03.00 natt til måndag at politiet fekk melding om brannen frå ein nabo til huset.

- Det var ikkje folk i huset som var under oppussing, seier politiet til Fjordenes Tidene.

Brannvesen, politi og ambulanse rykte ut, men huset var overtent då brannvesenet kom fram.

Ingen skadde

Iføle politiet skal ingen personar ha komt ut for skade som følge av brannen.

I tillegg til å sløkkje brannen jobba brannvesenet med å hindre at brannen skulle spreie seg til eit nabohus like ved.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.