Volda skisenter har hatt ope berre 14 dagar i år. Det har ikkje vore ope heilt til topps, og anlegget var heilt stengt i påska.

– Vi har hatt ein svært dårleg vinter. Det er lenge sidan det har vore så dårleg. No må vi setje ein del investeringar på vent og ikkje gjennomføre i det tempoet vi ønskjer, seier styreleiar Ivar Otto Kristiansen.

Dårleg på Ørskogfjellet

Skisenteret feirar 50 år i år, og er tilnærma gjeldfritt. Dei styrer etter inntektene, og Kristiansen trur ikkje det blir underskot. Men investeringane på åtte millionar kroner i jubileumsåret, vil bli utsett.

Også Ørskogfjellet har hatt ein svært dårleg sesong.

– Vi hadde kanskje ti driftsdagar, og ikkje noko ope i påska, men no er vi optimistar for neste år. Vi køyrer på, men får ikkje gjort noko med snøforholda, seier Marianne Lied Sæter i det nystarta skilaget.

Under budsjett på Fjellsetra

Sunnmørsalpane skiarena på Fjellsetra er heller ikkje nøgde:

– Det har ikkje vore nokon rekordsesong, men vi har hatt ope frå midten av januar til no, takka vere eit bra kunstsnø- anlegg, seier Tore Utgård.

Han reknar med at resultatet ligg under budsjett.

– Vi vil merke det på økonomien og tærer nok på reservane. Eg trur det blir eit lite minus, seier Utgård.

Påska baud på gode forhold, men Utgård er ikkje heilt nøgd:

– Sjølv når det kom finvêr, svikta folk litt. Dei var i staden på alle fjelltoppar.

Kvelartak i Stryn

Stryn vinterski kom godt i gang med to fine helgar i januar.

– Sidan den tid har mildvêr og regn teke kvelartak på oss gong på gong. Dette har ikkje vore ein enkel vinter å drifte skianlegg på, seier Frode Briksdal som likevel ikkje kan seie om det blir underskot.

Påska blei ikkje så aller verst, takka vere ei ordning med skyttelbuss der snøen mangla.

Ved Ørsta skisenter har Frank Harald Velle ei kjensle av at det blir raude tal i år også, sjølv om dei hadde ope både i påska, vinterferien og ein del helgar.

– Vi har aldri før produsert så mykje kunstsnø, men det har vore ein dag og så har det regna vekk igjen. Vi har jobba i motbakke heile vinteren, seier han.

Beste dagen i påska var langfredag med bortimot 1.000 besøkande i anlegget. Mange tok stolheisen opp i høgda, der det også var fine langrennsløyper.

Halvparten på Harpefossen

Også Jarle Åsebø i Harpefossen reknar med underskot.

– Det er vanskeleg å ta ned kostnadene. Dei rullar og går, og når inntektene er borte er det vanskeleg å kome på pluss, seier Åsebø, og fortel at dei hadde 200.000 i billettinntekter i påska, noko som er halvparten av snittet siste åra.

Bra på Stranda og i Hornindal

På Overøye baud påska på gode forhold, men det var ikkje så mykje besøk som venta. Rune Støverstein skildrar sesongen som middels, men krevjande vêrmessig.

– Det blir underskot, men vi veit ikkje kor mykje, seier han.

Ved Hornindal skisenter er ein derimot godt nøgd:

– Vi har hatt 64 driftsdagar og har hatt eit veldig bra år, seier driftsleiar Amund Tomasgard, og fortel at dei har klart å halde ope på 40 centimeter natursnø gjennom stort sett heile sesongen, takka vere godt planeringsarbeid i traseane.

Strandafjellet har hatt ope i fem månader, og enno er sesongen ikkje slutt.

– Påska er den nest beste sidan vi opna det nye anlegget i 2009. Berre påska i 2012 hadde meir gjester. Vi har hatt nær 12.000 betalande i påska, og det har vore køyrt 97.000 turar i anlegget, seier Stian Græsdal. Han fortel om fin auke både i påska og totalt. Heiskortsalet auka med seks-sju prosent i år.

Langfredag var toppdagen i fleire skianlegg. I Stryn strøymde folk til fjells i flotte skiløyper. Truleg har det aldri før vore så mange i sporet på ein dag, rapporterer Turløyper Stryn. FOTO: Turløyper Stryn Foto: Turløyper Stryn
Hornindal skisenter har hatt ein god sesong, i motsetning til fleire andre skianlegg på Sunnmøre og i Nordfjord. Påska baud på gode snøforhold i høgda ved alle skianlegga som var opne. FOTO: Hild Norddal Foto: Hild Nordal