X2-festivalen startar torsdag

Med 3.000 besøkjande er X2-festivalen på Søre Sunnmøre den største vinter-ekstremsportfestivalen i Norden.

Kvar dag under X2-festivalen vil det verte guida turar til den beste snøen i Sunnmørsalpane. Bildet viser nedkøyring frå Nordre Sætretind under ein tidlegare festival.   Foto: Eirik Vaage

Nyheter

Frå torsdag 20. til søndag 23. april vil ekstremsportutøvarar frå inn- og utland boltre seg i fjell, elvar, havet, lufta og på asfalterte vegar i Volda, Ørsta, på Flø og Hellesylt. På kveldstid desse dagane vert det konsertar, føredrag, filmframsyning m.m. på Rokken Scene og i festivalhallen i Volda sentrum.

Trippel X

X2-festivalen arrangerer konkurransar i sportsgreiner som surfing, skate, freeride, base, speedflying, kajakk, bike og meir.

Festivalen har også ein unik surf/skate/snow-konkurranse kalla Trippel X, som er ein samanlagtkonkurranse der deltakarane må meistre brett på både snø, asfalt og bølgjer.

(saka held fram under bildet)

Surfekonkurranse i Ervika under ein tidlegare X2-festival. I år skal surfekonkurransane gå føre seg på Flø i Ulstein.   Foto: Marius Bøstrand

Kvar dag under festivalen blir det guida turar til dagens beste snø i Sunnmørsalpane. Det vil i tillegg vere mogleg å prøve paravinsj på Voldsfjorden. Yoga, småflyboogie og X-small for dei minste står også på festivalprogrammet.

Sjå bildeserie frå fjorårets festival

På scena

Blant artistane som skal stå for kveldsunderhaldninga på Rokken Scene er m.a. Mikhael Paskalev, Anna of the North, Jon Olav Nilsen & Nordsjøen, og Miss Tati.


Luringen som lurte X2

X2-festivalen har alt skapt skihistorie med sitt tiårsjubileum denne veka. Ein langrennsløpar skapte også X2-historie for sju år sidan.