C-ruta Hareid–Sulesund er innstilt på grunn av årleg verkstadopphald, opplyser Norled på si nettside.

Kapasiteten i sambandet er redusert kraftig. Det er den største ferja, «Tidefjord», med plass til 120 personbilar, som er ute av drift.

På ferjekaia på Sulesund står det "teknisk feil", men det er altså eit planlagd serviceopphald som er årsak.

– For å setje det på spissen, oppgir dei to ulike årsaker slik eg les det. Eg tolkar det slik at dei pakkar inn at dei reduserer kapasiteten sterkt. Det ser kanskje finare ut å skrive "teknisk feil", seier ein pendlar til smp.no.

Det er særleg «Høgsfjord» som ikkje greier å ta unna. Ferjene går no kvar halvtime, med «Ullensvang» kvar heile time.

Norled reknar med at «Tidefjord» er ute ei veke til.

– Eg gjettar på at «Tidefjord» er tilbake onsdag morgon neste veke, men det er litt for tidleg å seie sikkert enno, seier Inge Andre Utåker i Norled til smp.no.