Turen starta ved Paviljongen Roalden på Strandafjellet, og gjekk gjennom Strandadalen, via Hellesylt til Vollset og via Flofjellet heilt til Stryn.

Du kan sjå fleire av bilda til Fauske i karusellen øvst i saka.

Rekord

I luftlinje er dette 46 kilometer. Med svingar og justeringar undervegs, blei turen på til saman 59,7 kilometer og tok over tre timar – tre timar og tretten minutt, for å vere eksakt.

Det er første gong i historia ein slik tur har funne stad frå Roalden, fortel Fauske. Det er også ny lengderekord med Paviljongen Roalden som startstad.

– Spektakulær naturoppleving

På det høgste var han 1.679 meter oppe i lufta. Det var i Strandadalen, cirka 37 minutt etter takeoff. Den raskaste oppstigninga fekk han mellom Ljøen og Hellesylt. Då steig han 200 meter på eitt minutt.

– Å ligge og sirkle slik rett over Sunnylvsfjorden, er den mest spektakulære naturopplevinga eg nokosinne har hatt, fortel Fauske.

Fekk trua på Stryn

Fauske var i landingsmodus då han kom til Frøysa. Men også her fekk han hjelp av naturen til å kome seg høgare opp.

– Det var her eg for alvor fekk trua på kryssing over til Stryn. Eg hadde hatt kontakt med Leif Gunnar (Brandal, journ.mrk) på telefon undervegs på turen og før eg forlét området fekk eg kontakt med han for å informere om kryssingsforsøket og for å få råd og informasjon om luftrommet i Stryneområdet, skriv han i flyloggen.

Kjensler i sving

Fauske seier at det var ein ubeskriveleg kjensle då han såg at det var mogleg å nå gardane på Flo.

– Då var det kjensler i sving, for å seie det slik. Eg var førebudd på landing der, men prøvde lesida vest for Flo. Ei flott og roleg boble tok meg opp att og eg kunne halde fram vestover mot Stryn sentrum. Ein utruleg herleg situasjon. Her sat eg og flaug mot Stryn, ein gamal draum hadde gått i oppfylling. Hentebil var undervegs og det var berre å cruise inn til landing, seier han.

Må studere vêr og vêrforholda

Fauske seier at å fly frå Strandafjellet til Stryn handlar meir om teknikk og kva naturen tillèt, enn flaks. Kunnskap om vêret og å sjekke vêrmeldingane for dagen, er svært viktig.

– Hadde skyene vore 500 meter lågare på søndag, hadde ikkje dette vore mogleg. Og då eg kryssa Flofjellet, fekk eg ingen hjelp av oppdrifta - det gjekk berre ned og ned. Likevel gjekk det fint og eg hadde god høgde heile vegen over. Oppdrifta kom først då eg kom ned mot Flo og det bare terrenget der på sørsida. Akkurat fjellpasseringar er litt krevjande, for ein kan ikkje rekne med å få noko særleg hjelp. Det same gjeld når ein tek turen til Sykkylven over Strandafjellet, seier Fauske.

Vil slå sin eigen noregsrekord

Fauske er, saman med Leif Gunnar Brandal og Oddvar Rise (begge frå Hareid), innehavar av noregsrekorden i FAI Triangel. Han forklarer at det inneber at ein startar ein stad, går via to punkt, før ein ender opp på startstaden igjen. Rekorden i denne trekantturen sette han og dei to andre i Stryn i fjor.

Lengda på rekorden er 85,4 kilometer - og målet no er å slå den.

– Det har vi planar om å gjere denne våren. Dei beste forholda her på Nordvestlandet kva gjeld paragliding har ein på denne tida, før juni månad, seier Fauske.

Han fortel at noregsrekorden i distanseflyging med paraglider i Norge er 235,6 kilometer. Fauske sin personlege lengderekord mellom to punkt, er 94,9 kilometer. Den sette han i Gudbrandsdalen.