Dermed er det ikkje noko som lenger hindrar bygging av det nye tenestehuset ved Samfjordkvartalet i Brattvåg, ifølgje avisa Nordre.

Meklinga gjekk for lukka dører. Resultatet er at Haram kommune må betale Invi AS 4,25 millionar kronar.

Invi AS gjekk til søksmål mot kommunen etter å ha fått medhald i Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA). KOFA konkluderte med at avtalen til 186 millionar kronar vil vere ei ulovleg direkteanskaffing.

Invi AS ville levere lokala til nytt rådhus i Haram, men tapte altså for konkurrenten Samfjordkvartalet AS.

I fjor vart det lagt fram ei skisse med forslag til det nye Samfjordkvartalet.