Det hevdar professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda.

– Mange, særleg unge, opplever samfunnet som nådelaust. Det blir stilt så mange krav, både når det gjeld skule, trening og utsjånad. Og ein blir aldri bra nok, seier professoren.

Prestasjonspress og nåde blir difor tema for eit arrangement som Volda og Ørsta kyrkjeakademi held i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø 28. april.

Arrangementet har fått tittelen «Slavar av pulsklokka.» Her skal Jan Inge Sørbø samtale om emnet med professorkollega Tor-Johan Ekeland.

Folkesjukdom

Dei meiner vi er råka av ein ny folkesjukdom, der vi ikkje kjenner oss gode nok. Difor skaffar vi oss stadig nytt utstyr til å overvake oss sjølve, slik som pulsklokker.

Sørbø samanliknar med munkane i mellomalderen som piska seg sjølve og nekta seg mat. Slik regulerer mange av oss i dag kosthald, trening og arbeid.

– Vi markerer i år reformasjonen. Eit tema er nåde. Vi reflekterte litt over kva nåde kan bety i dag. Det var da det slo oss at mange opplever samfunnet som nådelaust på grunn av alle krava til oss – og at slik vi er no, det er ikkje bra nok, seier Jan Inge Sørbø.

– Vi ønsker å fortelje at slik er det ikkje: Du er OK, du er bra nok, legg han til.

Ivar Medaas

– «Vær du glad i den nasen du har», song Ivar Medaas?

– Ja, den songen har ei god tekst. Martin Luther hadde også ei oppleving av at han ikkje var god nok. Han vart difor munk som levde eit stadig meir asketisk liv, utan at det nytta. Det var då han opplevde nåden, ved at han forstod at han var bra slik han var. Sørbø seier at i dag er det mange som anstrenger seg for å bli bra nok:

– Det er ofte dette som er problemet for dei som har spiseforstyrringar: Dei blir aldri nøgde med seg sjølve, seier professoren.

Sjølv nyt han turar i naturen utan pulsklokke.

– Eg synest det er bra at folk held seg i form. Sjølv er eg glad når eg klarer å gå opp ein bratt bakke, seier Sørbø.

Ørsta Kyrkjekor blir også med på arrangementet på Sæbø, dei skal framføre nokre nye songar om prestasjonspress og nåde, med tekst av Jan Inge Sørbø og musikk av Marie Austrheim Riise.

SÆBØ: Volda og Ørsta kyrkjeakademi inviterer til arrangement i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø 28. april. Foto: Knut Arne Aarset
PULSKLOKKE: Dette er blitt ein stor slager. Stadig fleire skaffar seg klokker som måler puls og trening. Foto: Anne-Mari Tomasgard