Arbeidsminister Anniken Hauglie (H) fekk ei grundig innføring i historia til industribedrifta Vik Ørsta, rett etter at ho landa med følgje på Ørsta Volda lufthamn Hovden torsdag morgon. Vik Ørsta si avdeling på Hovden er nest næraste granne til flyplassen, berre politiet har nærare granneskap.

Aldri raude tal

Administrerande direktør i Vik Ørsta gjennom dei siste fem åra, Kjetil Nesset, hadde oppgåva – eller like gjerne æra – av å presentere stålbedrifta som vart stifta alt i 1947. Vi snakkar her om sju tiår – sytti år – utan eitt einaste raudt tal i rekneskapen. Tvert imot har det til tider vore henta ut svært solide overskot.

– Den gongen for sytti år sidan handla det utelukkande om ein ting: Komponnentar til gjenoppbygging av kraftnettet etter raseringa under krigen. Slik var det i mange år framover, fortalde Nesset. Seinare har det vorte stadig fleire ting på ordrelistene. No er det trafikksikring som dominerer, supplert av fjellsikring og marinaanlegg, sa Nesset og utdjupa:

– Det geniale med denne bedrifta, slik eg ser det, er den store evna som har vore til å fornye seg og tilpasse produksjonen til det som tida krev.

– Vidare vil eg framheve viljen til heile tida å satse på den nyaste teknologien, og aller helst vere i front og vere med og forme teknologien, sa Nesset.

Føyelege lysmaster av kaldt stål

Som døme synte han fram fire – fem ulike lysmaster, alle utvikla til kvart sitt formål i trafikken. Nokre for å krulle seg mjukt kring karosseriet på ein bil ved samanstøyt, andre for å bli feia av sokkelen og ligge att i grøfta først etter at bilen for lengst er forbi.

Sunnmørsposten har tidlegare fått vere til stades under mildt sagt autentiske forsøk med lysmaster. Der eit bilvrak styrt etter ein vaier vert sett i gir og gasspedalen låst. I rasande fart treff den førarlause bilen masta, som knekkjer som eit sugerøyr. Før ingeniørane på Hovden stormar til og sikra alle tenkjeleg data. Visste ein ikkje betre, kunne ein tru ein var med på innspelinga av ein Reodor Felgen-film!

Det er altså denne viljen til utforsking og satsing som har ført Vik Ørsta til ein verdsleiande posisjon i sine spesialsegment. Kombinert med ei genuin satsing på sikkerheit, og på minimale miljøutslepp, ligg Ørsta-bedrifta milevis føre konkurrerande importnasjonar. Minister Anniken Hauglie tok seg god tid. Så god at ho til og med tok lunsjpause i lag med fleire av arbeidarane – etter at programmet skulle vere avslutta.

– Elegant gjort

– Kva inntrykk har du fått?

– Eg har fått eit svært solid inntrykk. Eg er særleg imponert over viljen og evna til å kombinere menneskeleg arbeidskraft med samtidig satsing på robotar.

– Så arbeidsministeren er ikkje redd for at menneska skal bli automatiserte bort?

– Nei, og særleg har denne bedrifta vist meg kor elegant det går an å kombinere. Når dei på same tid gjer det godt i marknaden, og sikrar trafikken for oss alle, kunne det ikkje vere betre, seier ho.

Minister med hjelm: Vik Ørsta har satsa maksimalt på tryggingsarbeid – og får no betalt med minimalt av leie/uønska hendingar på arbeidsplassen. Minister Anniken Hauglie vart grundig sikra. Foto: Knut Arne Aarset
Robotsveising: Robotane har for lengst gjort sitt inntog ved Vik Ørsta, her frå avdelinga på Hovden. Robotane kan ta det tyngste og farlegaste arbeidet, medan folket får stadig nye oppgåver. Foto: Knut Arne Aarset