Opnar Hareid–Sulesund etter problem med ferjebru

Problem med ferjebrua på Sulesund har stengt sambandet Hareid–Sulesund torsdag ettermiddag.

Torsdag ettermiddag gjekk «Høgsfjord» til Solavågen for å sleppe av og ta på nye bilar. Det var bilkaos på ferjekaia.  Foto: Svein Aam

Nyheter

- Vegvesenet kan køyre ferjebrua manuelt. Ferjene vil starte og gå så snart som mogleg, seier regionsjef Inge Andre Utåker i Norled til smp.no klokka 14.53.

Inntil vidare blir det nødvendig med manuell styring av brua og bommen på Sulesund.

Forseinkingar kan derfor oppstå.

Denne veka er også kapasiteten i sambandet redusert fordi den største ferja, «Tidefjord», er på planlagt årleg verkstadopphald.

Det er Statens vegvesen som har ansvar for ferjekaiene. Klokka 14.05 opplyste Norled om problema og at Vegvesenet var på veg.