Betydeleg fare for snøskred

Også naturleg utløyste skred kan førekome. Varselet gjeld både Sunnmøre, Nordfjord og Romsdal, melder varsom.no.

ARKIV. Flakskred ved Stranda skisenter.  Foto: Oscar Almgren

Nyheter

Fleire stader i fjellet har det kome påfyll av snø dei siste dagane. Og med sterk vind har nysnøen blitt frakta til leheng og danna ustabile fokksnøflak.

No kan også naturleg utløyste skred kan førekome, melder varsom.no fredag.

Faren for snøskred er betydeleg – faregrad 3 – både for Sunnmøre, Nordfjord og Romsdal.

I tillegg minner dei om at ein enkelt skiløpar kan påverke svake lag i snødekket.

– Unngå leområde og andre terrengformasjonar i bratt terreng der vinden legg frå seg ustabile nysnøflak, skriv Varsom.no.