Erling-Johan og Helge lærte 3D-design med kurspengar frå NAV - slapp å bli permitterte

Bedrifter rosar ordning med kursstøtte. Pengane har hjelpt Marin Teknikk i Herøy til å lære opp tilsette i 3D-design.

3D-design: Marin Teknikk-tilsette Helge Roppen (t.v.) og Erling-Johan Rovde viser fram 3D-programmet dei har teke i bruk til fylkesdirektør Stein Veland i NAV, arbeidsminister Anniken Hauglie og Hareid-ordførar Anders Riise som var med på besøket som 4.-kandidat på Høgres stortingsliste. alle foto: Marius Rosbach 

Nyheter

Marin Teknikk har fleire yachtjobbar på handa

Men Herøy-bedrifta bad arbeidsministaren om regelendring som kan gi meir jobb lokalt på luksusfartøy.

Fleire Marin Teknikk-tilsette har slept å bli permitterte fordi bedrifta fekk støtte til bedriftsintern opplæring – såkalla BIO-midlar. Enkelt forklart har ordninga bidrege til at dei har teke steget frå todimensjonalt til tredimensjonalt design.

– Vi har satsa på ei 3D-plattform der vi kan lage alt vi treng, frå heile designkonsept ned til detaljar om korleis ein sveis skal gjerast, forklarar skipsingeniør Erling-Johan Rovde.