Det var ankerhandteringsfartøyet "Island Valiant" som hadde fått oppdraget frå Bjørn Idar Lyngvær, melder Sykkylvsbladet (berre papirutgåve).

Sidan "Krasnoselsk" gjekk ned under orkanen Dagmar natt til 2. juledag 2011 har Lyngvær ikkje fått nytte kaianlegget sitt utanfor bedrifta Fishtec i Hundeidvik. Vraket ligg på tre meters djupne og hindrar båtar å legge til.

Til lokalavisa sa Lyngvær fredag ettermiddag at han håpte dei ville lukkast med å flytte vraket, men det gjekk ikkje slik.

– Nei, det skar seg. Båten var ikkje til å rikke, seier Lyngvær til Sunnmørsposten.

Kostbar operasjon

Planen var å snu vraket 180 grader slik at det blei liggande på 15 meters djupne, men kjempekreftene til "Island Valiant" var ikkje nok.

– Nei, det gjekk ikkje som eg håpte. No får vi berre slikke såra her og begynne å emne på plan B, seier ein rimeleg nedtrykt Lyngvær som først over helga ønskjer å gå meir i detaljar om korleis han no har tenkt å få vraket flytta.

– Det blir også eit spørsmål om finansiering. Kassa er tom, seier Lyngvær.

Han har sjølv tatt kostnaden med snuoperasjonen.

Det kostar svært mykje – truleg fleire hundre tusen kroner – å hyre inn eit ankerhandteringsfartøy til eit slikt oppdrag. I tillegg var det også dykkarbåt med på operasjonen.

– Vi får sjå kva vi skal gjere. Det kan kanskje vere håp om å få noko støtte etter som det no er godkjent at vraket kan flyttast, seier Lyngvær.

Nei til fjerning

«Krasnoselsk» er eigd av eit russisk reiarlag. Men dei har fråskrive seg alt ansvar. Skipet sank med mange tusen liter diesel og smørjeolje om bord. Denne vart fjerna i 2014 . «Krasnoselsk» er 53 meter lang og blei bygd i Litauen i 1977.

Sykkylven kommune har gått mange rundar med myndigheitene for å få fjerna vraket. Siste forsøk blei gjort i fjor, men statsråd Ketil Solvik-Olsen sa nei igjen, og kommunen gjekk då over til alternativet – å flytte vraket tilstrekkeleg mykje til å gjere det trygt å gå over med båt.

– Vi fekk løyve til dette frå Miljødirektoratet for ein månads tid sidan, seier Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug til Sunnmørsposten.

-Trasig

Han er bortreist på ferie og var ikkje sjølv i Hundeidvik for å følgje snuoperasjonen.

– Trasig at det ikkje gjekk på første forsøk, men vi får sjå på andre moglegheiter. Vi har uansett kome eit stykke lenger no, og båten må ut av skipsleia på eit eller anna vis. I fjor var det like før kystvakta gjekk seg på han, seier Drotninghaug.

Han siktar til kystvaktskipet "Njård" som i fjor sommar grunna ei mistyding var på veg inn til kaia i Hundeidvik med drivtømmer. "Njård" skulle eigentleg til Aursneset, men unngjekk faren for samanstøyt med "Krasnoselsk" då det vart oppdaga dykkaraktivitet på skipsvraket.

Drotninghaug avviser ikkje at det kan vere råd for Lyngvær å få støtte til eit nytt flytteforsøk, men dette har ikkje Sykkylven kommune tatt stilling til enno.

– Vi må sjå på om det er finansieringsmoglegheiter, men det har vi ikkje brukt energi på i det heile teke så langt i og med at Lyngvær sjølv har hatt ei plan, seier Drotninghaug.

Bjørn Idar Lyngvær står bak og betalar for den spektakulære snuoperasjonen. Foto: Nicolai Karlsen