Tryggaste russebilen

Statens vegvesen har kontrollert ti russebilar i Nordfjord, og premiert dei tre mest trafikksikre.

VINNARAR: Desse tok imot prisen for den mest trafikksikre russebilen: Jonas Lunde Sætre, Thomas Nygård, Nicklas Øen og Magnus Buntemeyer. Premien vart overlevert av Ann-Serine Hagen frå Sparebanken Sogn og Fjordane.   Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Førstepremien gjekk til bileigarane Magnus Aaning Buntemeyer, Jonas Lunde Sætre, Nicklas Øen, Lars Erik Telseth, Daniel Lødemel, Ivar Kirkhorn, Espen Haugen og Thomas Nygård frå Stryn vidaregåande.

Dei fekk ein sjekk på 3.000 kroner.

Andrepremien, ein sjekk på 2.000 kroner, gjekk til Julie Helle Felde, Ariane Arnestad, Astri Marie Rønnekleiv, Susann Brobakke, Ingunn Tennebø og Malin Lavik Akse frå Firda vidaregåande skule.

Tredjepremien, 1.000 kroner, gjekk til bileigarane Angy Avendano, Sofie Holm, Sandra Tenud, Hildegunn Raftevold og Ingrid Johansen frå Firda vidaregåande skule.

Premiane vart delt ut av Sparebanken Sogn og Fjordane.