Visste om mobbing i fleire år

Nordfjordeid skule har i fleire år visst om mobbing, utan å gjere det dei kunne for å stoppe det. No legg kommuneleiinga seg flat.

Tek tak Eid kommune har lagt seg flat og beklaga at det ikkje blei oppretta mobbesaker når foreldre varsla om mobbing. No tek kommunen tak for å sikre at skulane praktiserer lova rett. Arkiv 

Nyheter

NRK Sogn og Fjordane skriv at kommuneleiinga i Eid siste vekene har snakka med minst fem foreldre til barn som er blitt mobba ved Nordfjordeid skule. Og kommuneleiinga beklagar overfor foreldra.

– Når elevar har det så vanskeleg på skulen, har skulen eit ansvar til å hjelpe dei å få det betre, seier rådmann Åslaug Krogsæter til kanalen.

(Teksten held fram under bildet)

Beklagar Åslaug Krogsæter er rådmann i Eid. Arkiv  Foto: Anne-Mari Tomasgard

 

Foreldre fortel til NRK om elevar som har vore utsett for alvorlege trugslar, valdsbruk og utestenging. Ifølgje foreldra skal dei blant anna ha fått beskjed frå skulen om at ein må rekne med litt småterging, at det ikkje er mobbing på skulen og at det kosta for mykje å opprette mobbesak.

Trass i at dei varsla om mobbing, blei det ikkje sett i verk nok tiltak. Ifølgje lova skal det gjerast enkeltvedtak om mobbesak, når skulen får melding om at elevar kjenner seg mobba. Eit slikt vedtak inneheld ein konkret plan med tiltak for å stoppe mobbinga.

Blei peika på av Fylkesmannen i 2010

Skuleleiinga understrekar at problemet ikkje er omfanget av mobbing, men korleis sakene er handtert.

No skal kommuneleiinga møte rektorane i kommunen for å sikre at dei har forstått regelverket.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2010 tilsyn ved Nordfjordeid skule, der dei ifølgje NRK peika på at skulen var tilbakehaldne med å opprette mobbesaker.



Mobbeundersøkelse endres igjen

Oslo (NTB): Da Elevundersøkelsen ble endret, ble tallet på mobbeofre i skolen halvert. Nå har Utdanningsdirektoratet endret undersøkelsen igjen, for å få mer reelle svar.

 

Barneombudet skal gi mobbehjelp

Oslo (NTB): Barneombudet får flere stillinger for å hjelpe elever og foreldre som ikke når fram i mobbesaker.



Leder tirsdag 15. februar 2011:

Mobbelov utan makt