Ørsta:

Mann i 30-åra gripen for å ha tent på kyrkje

Den gripne ble sett av forbipasserande som tipsa politiet.

Ørsta Kyrkje   Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt.

Skade på dør   Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt.

Nyheter

Ørsta kyrkje har fått skadar på inngangspartiet etter at ein mann i 30-åra sette fyr på kyrkja laurdag ettermiddag. Mannen har bustadsadresse i Ørsta.

– Vi fekk melding om brannen klokka 16.58. Då hadde forbipasserande sett gjerningsmannen idet han køyrde frå staden, seier operasjonsleiar Sindre Molnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Han fortel at kyrkja tok fyr og fekk skadar på inngangspartiet.

– Slik eg forstår det no har kyrkja fått skadar spesielt på inngangsdøra, seier Molnes.

God innsats

Han er nøgd med at brannen ble oppdaga så tidleg.

– Vitne har gjort ein iherdig innsats med pulverapparat på staden. I tillegg ringte folk oss og forklarte korleis gjerningsmannen såg ut kunne vi gripe han raskt. No avhøyrer vi vitne på staden og vil avhøyre gjerningsmannen om det er mogleg.

Helsetilstanden til gjerningsmannen blir rutinemessig sjekka av lege.

– Vi vil blant anna vite om han er påvirka av rus, seier Molnes.

Alvorleg

Sjølv om brannen vart tidleg oppdaga ser politiet alvorleg på hendinga.

– Ein brann er alltid alvorleg, men denne gongen fekk heldigvis brannvesenet raskt kontroll og fekk sløkt brannen.

Volda Brannvesen bistår laurdag ettermiddag og kveld med materiell til utlufting av røykgassar i kyrkja.

Klokka 18.48 laurdag kveld melder politiet at dei er ferdige med å undersøke på staden. Den sikta mannen blir teken hand om av helsevesenet.