(morenytt.no) – Det var ei surrealistisk oppleving, seier Oddvar Vatne til Møre-Nytt etter brannen i Ørsta kyrkje laurdag ettermiddag.

Han var tilfeldigvis på staden då ein mann prøvde å sette fyr på inngangspartiet til kyrkja. Vatne er tidlegare brannbefal ved Ørsta Volda lufthamn, Hovden.

LES OGSÅ: Mann i 30-åra gripen for å ha tent på kyrkje

– Eg såg at han tende på dørmatta på utsida av kyrkja, og så gjekk han roleg vekk frå staden. Det tok fyr umiddelbart, og flammane stod fire meter opp i lufta. Eg sprong opp og fekk dørmatta vekk frå kyrkja. Då var det allereie fyr i inngangsdøra til kyrkja, seier han til Møre-Nytt.

Gjerningspersonen brukte sannsynlegvis ei brennbar væske til å sette fyr på dørmatta, mest truleg bensin, får Møre-Nytt opplyst.

Tok bilde av gjerningspersonen

Ei kvinne var også på staden. Ho tok bilde av gjerningspersonen og bilen hans, og varsla politiet. Ein person vart pågripen i Ørsta sentrum kort tid etter brannen, mistenkt for å starta brannen.

Andre personar kom raskt til med pulverapparat, og fekk i stor grad sløkt brannen før brannvesenet kom til staden.

Vatne er glad for at han og andre personar tilfeldigvis var på staden.

– Eg trur denne brannen kunne fatna og vorte alvorleg dersom ikkje nokon hadde sett at kyrkja vart påtent, seier det tidlegare brannbefalet.

Denne saka vart først publisert på morenytt.no