Oppdatering 12.40: - Brannen vart meldt sløkt klokka 12.26, og medan Ulstein brannvesen framleis er på staden, har Hareid brannvesen returnert, får smp.no opplyst ved 110-sentralen.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.

Klokka 10.54 melde politiet om stor røykutvikling frå einebustaden på Skeide i Ulstein.

Møre og Romsdal 110-sentral melder klokka 11.04 at Ulstein brannvesen er på staden. Hareid brannvesen er også ute med brannbil på same oppdraget.

Ifølgje politiet er brannvesen og ambulanse på staden. «Kraftig røyk, ser opne flammer», skriv politiet på Twitter.

Huset det er snakk om ligg like ovanfor Ulstein skule på Skeide.

Får oksygen på staden

Operatør Anja Lereng ved Møre og Romsdal 110-sentral seier til Sunnmørsposten klokka 11.15 at det var folk i huset då brannen oppsto.

- Dei som var på staden er ute av huset og tatt hand om av helsepersonell, seier ho.

Lereng kjenner ikkje til om nokon kom til skade i brannen.

Politiet skriv på Twitter klokka 11.17 at det er to personar registrert på adressa. Begge har kome seg ut. Ein person får oksygen på staden og den andre er ikkje synleg skadd.

Lege Eivind Garnes Sæter seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje er teikn til alvorleve personskader.

Kan ha starta i mopedbil

Anja Lereng vil ikkje seie noko om brannårsaka enda.

Første melding til brannvesenet tyda på det var brann i ein bil som spreidde seg til huset, seier ho.

I samtale med politiets operasjonsleiar skal det ha kome fram at brannen skal ha starta i ein mopedbil, skriv Vikebladet Vestposten. Mopedbilen stod på lading og det byrja truleg å brenne fordi batteriet på mopedbilen eksploderte, ifølgje Vikebladet.

Åpne flammar og mykje røyk

- Det er kraftig røykutvikling og åpne flammar. Røykdykking er iverksett, seier ho.

Lereng seier klokka 11.56 at slukningsarbeidet er i gang og brannvesenet har rimeleg bra kontroll på brannen.

- Dei trur dei kan berge mykje av huset, seier ho, og legg til at det er sendt personell frå Ålesund som skal foreta restvurdering.

Foto: Smp-tipser