Gondolbana Loen Skylift i Stryn er eit av dei største reiselivsprosjekta nokosinne på Nordvestlandet. Etter opninga 20. mai kan du på få minutt ta turen frå fjordbotnen i Loen, til toppen av fjellet Hoven kring tusen meter over havet.

Bana er mellom dei brattaste i verda med ei stigning på kring 60 grader - og særleg turen ned gir eit skikkeleg sug i magen over kanten av den stupbratte fjellsida.

Driftsleder Arne Reme forsikrar Sunnmørsposten sine utsendingar at det heile er trygt då avisa er med på prøvetur i strålande solskin.

(saka held fram under)

Teknisk sett dreiar det seg om ein pendelbane, som inneber vektutlikning mellom dei to gondolvognene, der ein går ned, medan den andre går opp – begge godt festa på tjukke stålwirar.

Kvar vogn har plass til 45 passasjerer og første driftsåret håpar initiativtakarane på kring 40.000 besøkande. Ein stor del av desse vil vere utanlandske cruiseturistar på besøk i det nordvestlandske fjordlandskapet.

Her skal 40.000 miste pusten - men billeg blir det ikkje

Mellom dei største investorane er Hotel Alexandra, Nordfjord Kjøtt, Doppelmayr Garaventa og Stryn kommune, men også ei rekkje mindre lokale investorar er med på spleiselaget.