Det seier Bjørn Arild Sekkenes, operativ leiar i Fjord1.

– Vi er ikkje villige til å la barn heilt ned i femårsalderen reise utan følgje på ferja. Og det er uaktuelt for Fjord1 å skulle ta ansvar for dei yngste skulebarna, seier Sekkenes.

Rådmannen i Stranda har kome med framlegg om å leggje ned skulen i Liabygda frå hausten av, og flytte barna til Ringstad skule på andre sida av fjorden.

Tilsyn med barna

I innstillinga skriv rådmannen at i ein overgangsperiode bør det settast inn tilsyn i samband med overgang til ny reisemåte for barna.

– Dei yngste barna må alltid ha med seg vaksne. Vi kan ikkje tillate at barn i dei yngste klassetrinna reiser åleine på ferja, seier Bjørn Arild Sekkenes.

– Mannskapet på ferja har ikkje tid til å sjå etter barna. Matrosen er oppteken med billettering, maskinsjefen har sine oppgåver, og kapteinen skal styre ferja. Då kan dei ikkje samtidig passe på små barn, legg Sekkenes til.

Og det er mannskapet på ferja «Sykkylvsfjord» glade for at Fjord1-leiinga har slått fast.

– Det kan sjølvsagt gå bra med små barn åleine på ferja. Men det kan også gå gale, seier kaptein Leif Grebstad.

Maskinsjef Torgeir Birkhol er einig. Han seier små barn heilt ned i femårsalderen er ikkje lett å få auge på om dei oppheld seg mellom bilane på dekk.

Foreldre med barn ved Liabygda skule er av same oppfatning:

– Det er eit minstekrav at elevane frå 1. til 4. klasse blir følgde heilt fram til døra, om Ringstad skal bli deira nye skule, har Astrid Eide Stavseng i FAU ved Liabygda skule tidlegare uttalt til Sunnmørsposten.

Operativ leiar Bjørn Arild Sekkenes i Fjord1 seier at han er så langt ikkje blitt kontakta av kommunen.

Han legg til at dei difor treng å kome i dialog med Stranda kommune om dei utfordringane ein vil få med omsyn til sikkerheit og ansvar i samband med ei flytting av skuleelevane.

Overgangsperiode ikkje godt nok

– Rådmannen føreslår at det vert tilsyn med barna i ein overgangsperiode. Er ikkje det nok?

– Nei, det er ikkje godt nok for oss. Ei slik følgjeordning må vere permanent. Små barn er ikkje alltid like lett å halde styr på, så dette kan ikkje vi ta ansvar for, svarer Bjørn Arild Sekkenes i Fjord1.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda seier at det er meininga at skulesaka skal opp i kommunestyret i junimøtet.

– Betyr det at det eventuelt blir ei nedlegging alliere frå hausten av?

– Nei, det er mogeleg at det blir utsett i eitt år, mellom anna fordi det ikkje er klart enno kva for kommune Liabygda skal høyre til i framtida, seier Tryggestad.

Kommunebyte

Stordal og Norddal, som ligg på kvar side av Liabygda, har nemleg vedteke å gå saman, og då kan også Liabygda bli ein del av den nye kommunen.

Dersom det blir vedteke å flytte skuleelevane frå Liabygda til Ringstad er iallfall ordføraren heilt klar på kva han meiner om den saka:

– Då må det bli ei ordning der elevane får bilskyss heile vegen, slik at dei ikkje treng å gå om bord og i land frå ferja. Slik eg ser det er det heilt uaktuelt at små barn skal reise åleine med ferja, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

TRAFIKK: Det er ofte stor trafikk og trongt på bildekket om bord på «Sykkylvsfjord» som trafikkerer Liabygda-Stranda.