No vil ordførar i Giske, Harry Valderhaug, også ha 10 millionar kronar inn i revidert nasjonalbudsjett til formålet. Det vedtar Stortinget tidleg i juni.

KrF-ordføraren varslar at det blir jobba hardt inn mot sentrale politikarar for å få pengane som skal til for å sette i gang med prosjektering av arbeidet for det som skal bli ei nasjonal fiskerihamn på Giske.

Valderhaug syner til at Giske er ei av dei tre til fem største fiskerikommunane i landet.

– Dette blir ikkje berre ei fiskerihamn for Giske kommune, men for regionen og nasjonen, seier han og syner til at litt av bakgrunnen for planane er all verdiskapinga i regionen, men ikkje minst framtidsmoglegheitene her.

Men først må hamna mudrast slik at båtane kan komme seg til det nye kaianlegget som er planlagt.

– Prosjektet er gryteklart; ferdig regulert og vi har starta prosjektering. Det er allereie gjort grunnundersøkingar i området, seier Valderhaug.