I april blei det kjent at Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy skulle kome til Giske i juni, men den gong var alt på planleggingsstadiet og programmet var uavklart.

Torsdag offentleggjorde bandet at dei skal ha to intimkonsertar på Giske, 22. og 23. juni. Dei kallar det intime, akustiske show.

Det blir to nære og personlege show, skriv bandet på nettsida si.

Eit avgrensa tal billettar blir lagt ut for sal måndag 8. mai. I tillegg til konsert blir det både aktivitetar og fest etter showet. Det blir lagt opp til transport til og frå Ålesund.

Bandet varslar også at det ikkje blir lov å ta med verken kamera, telefonar eller opptakarutstyr på konsertane.