– Det er litt spesielt at vi fekk kontrakt på levering av stolar til Colosseum, Norges største og mest kjende kino, seier Frode Sporsheim, salssjef i Ørsta-bedrifta Fora Form.

Kontrakten i Oslo er verdt om lag 3,5 millionar kroner.

Fora Form er no i ferd med å etablere seg som ein betydeleg leverandør av stolar til kinoar landet rundt.

(saka held fram under bildet)

Stolar Fora Form i Ørsta sender denne veka 600 City-stolar til Voss vidaregåande skule.

Frå før har dei levert stolar til kinoar i til dømes Stryn, Stranda, Kongsberg, Grong, Leknes og Sortland.

Ørsta kino

– Og no har vi fått nye kontraktar. I tillegg til å levere stolar til Colosseum, skal vi også levere 300 stolar til nyoppussa Ørsta kino, seier administrerande direktør Ivar Sandnes.

Prosjektleiar Børre Davidsen fortel at det blir stilt stadig større krav til komfort når det gjeld stolar til kinoar og kulturhus:

– Du skal kunne bevege stolane for å få best mogleg sittestilling. Alle stolar vi skal levere til Colosseum får bevegeleg rygg. Ein eigen VIP-del får stolar som er elektrisk regulerbare og har ekstra god komfort, fortel han.

– Og nokre av stolane skal vere tosetarar, såkalla «loveseats», legg Frode Sporsheim til.

Fora Form har no 55 tilsette, fordelt på 45 i Ørsta og ti i Bergen og Oslo. Av dei 45 i Ørsta er 20 opptekne med produksjon.

Designsjef Jeanette Løining har teke til som designsjef hos Fora Form.

Men ikkje alt dei leverer blir laga i Norge. Kinostolane til Colosseum får dei frå utlandet.

600 City-stolar

– Likevel er aktiviteten her i Ørsta stor. Akkurat i dag gjer vi ferdig ein leveranse på heile 600 City-stolar som skal leverast til Voss vidaregåande skule, forklarer Sporsheim.

Adm.dir. Ivar Sandnes fortel at Fora Form i fjor omsette for 160 millionar kroner, og fekk eit resultat på 8,5 millionar.

Fjoråret var likevel tøft. Det ser langt betre ut i år.

– Vi hadde i årets tre første månader i år ein vekst på 18 prosent. Det er ein god start på året, smiler Sandnes.

Fora Form har veggane fulle av diplom. Ingen bedrift har sanka fleire God designmerke.

– Og vi skal satse endå meir på produktutvikling, og har tilsett Jeanette Løining frå Sykkylven som ny designsjef. Ho har lang erfaring frå Varier og Formfin, fortel Ivar Sandnes.